ResserArkivet

Velkomen til Resser arkivet, ein YouTube kanal med videoklipp frå fotograf Tor Resser sitt rike filmarkiv.

Her vil det sporadisk bli publisert filmar frå Stord i "gamle dagar".
Filmane som først vart lagt til i arkivet, har fokus på skipsfarten til HSD frå 1960-talet og fram til 2000-talet.
Seinare har det blitt delt filmsnuttar frå ulike arrangement og arbeidsplassar rundt på Stord på 1990-talet.
Sist, men ikkje minst, er det blitt lagt ut fleire filmar med opptak frå Stord og omegn på 50- 60- og 70-talet.

Filmane kom tidlegare ut kvar fredag, men vil no bli meir sporadiske framover.

Alt materiale er filma av Tor Resser - alle rettar reservert.