Topptur på ski i Jotunheimen: Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden
Автор: Visit Jotunheimen
Загружено: 2024-04-12
Просмотров: 1705
Høgdebrotet (2226 moh.) er eit populært toppturmål frå Valdresflye, aust i Gjendealpane i Jotunheimen. Toppen kan kombinerast med nabotoppane Steinflytinden (2318 moh.), Tjønnholstinden (2331 moh.) og Tjønnholsoksle (2145 moh.)
Beste utgangspunkt: Fv. 51, Valdresflye, ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre.
Høgdeforskjell: Ca. 1500 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 8-10 timar (tur-retur). Totalt 22 km.
Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. Stegjern og isøks for ryggtravers mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden.
Vegval: Lang tur med jamn stigning. Klyving på fjellrygg med luftige parti!
Høgdebrotet er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp og ein populær topptur på ski, særleg etter at Valdresflye har opna opp att etter vinterstenging (vanlegvis kring 1.april). Det er dessutan ein trygg topptur da det er mogleg å følgje søraustryggen opp mot toppen utan å gå inn i skredterreng (over 30 grader bratt). Ryggen opp er lang, men ein blir belønna med majestetisk utsikt inn i dei innarste delane av Jotunheimen - og lang og fin nedkøyring.
Vidare kan du følge fjellryggen mot nabotoppen Steinflytinden - og vidare til Tjønnholdstinden, innan du returnerer via Tjønnholdsoksle (som òg ein 2000-meterstopp!) - og halder høgde i terrenget attende til utgangspunktet.
Les meir her: https://bit.ly/ToppturtipsGjendealpane
***
Foto/redigering: Mari A. Wedum /Visit Jotunheimen AS
Turfølge og medfotografar: Erik Eggen og Hans Fredrik Hellebergshaugen
Opptak: 5.april 2024
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео mp4
-
Информация по загрузке: