Kor mykje blåskjel et eigentleg berggylta?
Автор: havforskningen
Загружено: 2024-10-17
Просмотров: 157
Leppefiskane kan gomle blåskjel, det veit vi. Men vi veit ikkje så mykje meir om desse matvanane – eller kor mykje skuld leppefiskar har for at blåskjel-bestandar vert beita ned.
Kor store blåskjel klarar dei å ete? Har ulike leppefisk-artar ulike vanar? Tek berggylta helst dei svære blåskjela og let grøngylta ta småplukket som er til overs?
For å finne svar på dette testar vi forsøksfat med blåskjelmat:
– Vi har ei plate med blåskjel i forskjellige storleikar – frå 0,5 centimeter opp til om lag 3,5 centimeter. Denne har eg festa i ein videorigg som vi så har sett ut på ulike stadar på Austevoll, forklarar havforskar Marthe Marie Ruud Stendal.
Slik kan ho tørrskodd sjå det uforstyrra etegildet under vasskorpa.
No har ho fleire titals timar video, og difor fleire titals timar videoanalyse føre seg. Kva dataa syner er såleis ikkje klart endå, men ho kan avsløre nokre inntrykk allereie:
– Eg trudde eg hadde valt skjel som var alt for store – men det hadde eg ikkje, seier Marthe og ler.
– Fisk kan ete mykje blåskjel på kort tid. Og alle leppefisk-artane har forsynt seg!
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео mp4
-
Информация по загрузке: