Per Arne Brandal: Polarstarvalsen 2017
Автор: Per Arne Brandal
Загружено: 2017-08-24
Просмотров: 1043
Per Arne Brandal: Polarstarvalsen 2017.
Laga til MS Polarstar si heimkome 26. august 2017.
POLARSTAR
Tekst & mel: Per Arne Brandal 2016
Intro
Vers
Polarstar, du stolte skute
med baug av det seigaste stål!
Sterkast av alle der ute
klappmyss og kvitunge låg.
Vers
Bygt bort i Glasgow i Skottland,
sveisa og klinka i hop.
Skroget, det skulle jo verne
mot skruis og hav i kok!
Refreng
Men der var stunder, skjelvande hender sende opp ei bøn.
Fast sjø på dekk - tårnhøge sjøar!
Du stod ‘an av!
Kom alltid heim!
Vers
Polarstar, du stolte skute,
enno ein gong går du inn
til Brandal der du høyrer heime
Fugl Føniks du atter skin.
Mellomspel
Vers
Karlsen og Marø, dei tenkte:
Her må det byggjast stort!
Selfangst, Grønland og Svalbard!
Mykje har du fått gjort.
Vers
Åra dei gjekk, dei vart mange!
Tida rann ut for ditt kall
Forfall og rusten fekk herje
Sårt var å sjå ditt fall.
Refreng 2
Så vart det stunder, mange av oss tenkte:
«No er det siste reis!»
Falma og sliten, i siste liten
Vener tok tak, og no kjem du heim!
Vers
Polarstar, du stolte skute,
enno ein gong går du inn
til Brandal der du høyrer heime
Fugl Føniks du atter skin.
Outro
Volda, mars 2017
Per Arne Brandal
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео mp4
-
Информация по загрузке: