Sognefjellsvegen (Fv.55) opnar til påske!
Автор: Visit Jotunheimen
Загружено: 2024-03-06
Просмотров: 637
SOGNEFJELLSVEGEN OPNAR TIL PÅSKE:
Eit gledeleg påsketeikn i år er at fylkesveg 55 blir opna fram til Sognefjellshytta (frå Lom-sida av fjellet) til palmehelga – fredag 22.mars!
Før den tid er altså vegen fysisk stengt med bom ved Rustasætre (før Bøvertunvatnet) medan hjullastar og fres dei neste vekene jobbar seg jamt og trutt gjennom snømassene – slik at vegen blir køyrbar til palmehelga!
Det betyr at D U da kan køyre til alle fjellstovene langs den spektakulære nasjonale turistvegen - og nyte og leike deg i fjella og naturen!
Krossbu turisthytte og Sognefjellshytta opnar 22.mars
Merk! Vegen blir brøytt heile vegen over fjellet- til Gaupne, innerst i Sognefjorden til 1.mai, ifølge vegvesen.no
Andre adkomstvegar til fjell og hytter verdt å merke seg:
Vegen i Leirdalen (mot Leirvassbu) er brøyta og ope til Sletthamn (ca. 6 km. frå Leirvassbu) frå fredag 8.mars!
Visdalsvegen (inn til Spiterstulen) er ope heilt inn til hytta frå fredag 8.mars!
Fylkesvei 51 over Valdresflye opnar òg den 22. mars kl. 12.00. Sjå oppdatert info her: https://www.vegvesen.no/trafikk
Galdhøpiggvegen (opp til Raubergstulen og Juvasshytta) blir brøytt og opnar laurdag 9.mai.
Visste du forresten at...
Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne (55) og er totalt 108 km. lang.
Toppunktet ligg på Sognefjellet - 1434 meter over havet.
Strekninga over fjellet mellom Rustasætre/Vegaskjelet til Turtagrø er normalt vinterstengt i november til mai. Da er vêret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tek du derimot turen til påske og utover våren, vil dei høge brøytekantane vere eit synleg bevis på styrkeforhaldet i fjellet om vinteren.
Video/redigering: Dennis Risvoll/Frys Film
Medvirkande: Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen og Råmund Mundhjeld, Sognefjellshytta
Opptak: 06.03.2024
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео mp4
-
Информация по загрузке: